Frå bunadssølv til moderne smykke. Det er den strategiske endringa Sylvsmidja har tatt, og fundamentet for alt vi har utvikla saman dei siste åra.
I Haltenbanken har vi jobba tett med leiing og styre for å klargjere retninga: Å gå frå ein smal kategori til eit breiare, meir moderne produktspekter som både heidrar arven og møter eit nytt, internasjonalt publikum. Dette har forma både merkevareplattform, identitet og kommunikasjon, og til slutt flaggskipsbutikken på Voss.
Butikken er meir enn eit rom. Den er eit forteljingsverkty og eit fysisk uttrykk for kven Sylvsmidja er på veg til å bli. Interiøret, som Haltenbanken har designa, er bygd med 60 % gjenbruk, og viser korleis sirkulære prinsipp kan vere ein del av estetikken, og ikkje eit kompromiss.
Samtidig står Sylvsmidja sjølv for ein unik berekraftprofil i produkta sine: Over 90 % av sølvet dei bruker er resirkulert, og alt av avkapp og restar frå produksjonen blir tekne vare på og smelta om. Ingenting blir kasta. Kvart gram får nytt liv som smykke som markerer store og små augneblink.
Til saman skapar dette ein butikk og ei merkevare som er forankra i både tradisjon, fornying og reelle berekraftsval, synleg i både produkta og rommet dei lever i. Når strategi, identitet, historieforteljing og fysisk design drar i same retning, blir endringa noko du kan oppleve.