Det er den strategiske endringa Sylvsmidja har tatt, og fundamentet for alt vi har utvikla saman dei siste åra.
I Haltenbanken har vi jobba tett med leiing og styre for å klargjere retninga: Å gå frå ein smal kategori til ein breiare, meir moderne produktspekter som heidrar arven og møter eit nytt, internasjonalt publikum. Dette har forma både merkevareplattform, identitet og kommunikasjon, og til slutt flaggskipsbutikken på Voss.
Butikken er meir enn eit rom. Den er eit forteljingsverkty og eit fysisk uttrykk for kven Sylvsmidja er på veg til å bli. Interiøret, som Haltenbanken har designa, er bygd med 60 % gjenbruk, og viser korleis sirkulære prinsipp kan vere ein del av estetikken, ikkje eit kompromiss.
Samtidig står Sylvsmidja sjølv for ein unik berekraftprofil i produkta sine:
Til saman skapar dette ein butikk og ei merkevare som er forankra i både tradisjon, fornying og reelle berekraftsval, synleg i både produkta og rommet dei lever i.Når strategi, identitet, historieforteljing og fysisk design drar i same retning, blir endringa noko du kan opplevе.
Vi er stolt av Sylvsmidja. Stolt av samarbeidet. Og stolt av at ei merkevare med så mykje historie tør å ta steget vidare.